FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Nordstoga og Bratland til Fagernes

Nord-Aurdal Mållag slår på stortromma i samband med Språkåret 2013 og har invitert radarparet Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland til Valdres. Laurdag 14. september kl. 19.00 blir det konsert i kulturhuset på Fagernes. 

 

Kl. 12 Opning, helsingstale, song og teater – og språkløype. Målbussen kjem! Tidsskrifttorg og sal av lokale bøker, på Skiferplassen, Fagernes.

Kl. 14 Kåseri om språk og tospråklegheit med forfattar Karin Sveen, på Nord-Aurdal folkebibliotek, Fagernes

Kl. 19 Heimafrå – Konsert med Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, i Kulturhuset, Fagernes. Billettsal i Kulturhuset eller på www.filmweb.no/kinoer/fagernes

Vidare blir det kåseri av Karin Sveen om det å vera dialektbrukar, nynorskbrukar og bokmålsbrukar, og det blir utstilling på biblioteket.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS