FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Dialektrocken opna opp

– Dialektrocken, med Åge Aleksandersen og Vømmøl i spissen, førte til ein språkleg revolusjon i Noreg. Populære songtekstar på dialekt opna for at folk i by og bygd torde å bruke dialekta si i alle samanhengar. Det seier Bjørn Karsrud i Nord-Aurdal Mållag.

I oktober arrangerte Nord-Aurdal Mållag og Vinjerock språkkafé på Fagernes i samband med Språkåret 2013 om dialektsongen frå Prøysen til Kaizers Orchestra. På møtet deltok Arne Moslåtten, Ørnulf Dyve og Lars Christian Narum. Dei er tekstforfattarar og frontfigurar i gruppene Hellbillies, Staut og Narum. Hellbillies har hatt kjempesuksess med tekstar på ekte hallingdialekt. Dei to sistnemnde gruppene er dialektbrukande kometgrupper frå Valdres og Toten. Dialektmusikken har bidrege til å gjera dialektbruk populært og akseptabelt over heile Noreg.

– Dialektene kan fungere som ein musikalsk effekt. Når ein uttrykkjer seg klart på eit språk ein kjenner godt, kan det tilføre teksten og musikken ein ekstra dimensjon, sa Arne Moslåtten. Ifølgje Moslåtten er det lettare å laga gode tekstar på dialekt enn på standard skriftspråk.

Dialektene er meir levande i kulturen enn nokon gong, slo Vinjerock-gründer Eirik Høyme Rogn fast. Han var programleiar for kvelden.

Bjørn Karsrud
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS