FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Stor medlemsauke to år på rad

 (10.01.2014)

Nord-Aurdal Mållag auka medlemstalet med 18 i 2013, frå 85 til 103. Det er ein auke på 21 prosent. Året før auka medlemstalet frå 55 til 85, dvs. med 54 prosent.

Det er særleg to grunnar til den store medlemsauken i 2012 og 2013: I januar 2012 kom Utdanningsdirektoratet med framlegget om å fjerne sidemålskarakteren i norsk skule. Over heile landet reagerte folk på framlegget, og mållaget opplevde ei medlemstilstrøyming som dei ikkje hadde sett maken til på mange år.

I Nord-Aurdal var det ei anna sak som opprørte folk: Då elevane frå dei seks kommunale barneskulane vart samla på den nye sentralskulen, meinte kommunen fyrst at det var unødvendig med skulemålsrøysting. Då mållaget kravde røysting, og fekk støtte hjå fylkesmannen, vart røystinga gjennomført. I etterkant var det mange som melde seg inn i Nord-Aurdal Mållag.

– Men også i 2013 har me altså fått mange nye medlemmer, og ei årsak kan nok vera at me har hatt stor aktivitet i Språkåret 2013, seier Aud Søyland, leiar i laget.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS