FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. MAI 2019
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Agnes Ravatn til Fagernes

Laurdag 18. januar 2014 får Valdresbiblioteka besøk av to av dei mest spennande kvinnelege forfattarane her i landet for tida, Agnes Ravatn og Kjersti Annesdatter Skomsvold. Arrangementet med Agnes Ravatn er eit samarbeid mellom Nord-Aurdal Mållag og Valdresbiblioteka.

Agnes Ravatn debuterte i 2007 med romanen Veke 53, som mellom anna fekk Natt&Dags Bergensprisen for beste bok 2007. I 2011 kom Folkelesnad, ei essaysamling om norske vekeblad og magasin, som vart nominert til Brageprisen for beste sakprosabok. Hausten 2013 kom det ein ny roman frå Ravatn, med tittelen Fugletribunalet.

Ravatn mottok Språkprisen for framståande nynorsk sakprosa frå Språkrådet i 2011, og Arne Hestenes’ journalistpris i 2013. Ho blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela i juni 2014.

Ravatn skriv også fast i avisene Dag og Tid og Dagbladet.

Kjersti Annesdatter Skomsvold debuterte i 2009 med romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg. For denne vart ho tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris. Boka vart også nominert til Bokhandlerprisen og P2-lytternes romanpris same år, og var shortlista til International IMPAC Dublin Literary Award 2013. Skomsvold har dramatisert Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg i samarbeid med Anne Marit Jacobsen og Margreth Olin for oppsetting på Nationaltheatret med premiere 11. januar.

Monstermenneske (2012) er den andre romanen hennar. Han var nominert til P2-lyttarane sin romanpris og var éin av Dag og Natts fem nominerte til beste bok i 2012. Bøkene er selde for utgiving i fleire land.

Litt trist matematikk (2013) – ei diktsamling – er den tredje boka hennar.

Tid og stad:

Agnes Ravatn i bokbad med Jan Sparstad

Nord-Aurdal folkebibliotek kl. 11.30

 

Kjersti Annesdatter Skomsvold blir intervjua av Jan Erik Bakke

Sør-Aurdal folkebibliotek kl. 11.00.

Nord-Aurdal folkebibliotek kl. 13.30

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS