FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. MAI 2019
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Nytt styre i Nord-Aurdal Mållag

På årsmøtet i Nord-Aurdal Mållag 18. februar kunne styret fortelja om stor aktivitet i Språkåret 2013.

Laget har hatt stor aktivitet i Språkåret, med ei omsetning på over 260 000 kr. Høgdepunkta gjennom året var Superlaurdagen 14. september, då Språkstafetten var på besøk, og Dialektrocken 22. oktober. Bok i Valdres, som mållaget arrangerer i samarbeid med Nord-Aurdal folkebibliotek og Fagernes Libris, hadde auke i besøkstalet, og 27 personar deltok i kronikk-konkurransen som Nord-Aurdal Mållag arrangerte i samarbeid med avisa Valdres. I samarbeid med Valdres Folkemuseum laga Nord-Aurdal Mållag ei utstilling om nynorsken i Valdres, og laget har gjeve abonnement på Norsk Barneblad til elevar med nynorsk hovudmål.

På årsmøtet i Nord-Aurdal Mållag 18. februar vart desse valde inn i det nye styret: Aud Søyland (leiar), Knut Aastad Bråten, Bjørn Karsrud, Margunn Søyland Nesbakken, Cecilie Solar og Eirunn Steinsfjord. Varamedlemmer er Ragnhild Mobæk, Eigil Steinsfjord og Anna Bang.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS