FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Nord-Aurdal Mållag 50 år

 (20.09.2014)

 

25. oktober feirar me at Nord-Aurdal Mållag er 50 år i år. Alle mållagsvenner er inviterte til ei flott og uhøgtideleg feiring av ein frisk og rask jubilant.

Nord-Aurdal Mållag vart skipa 18. februar 1964, på initiativ frå Trygve Bjørgo. No vil me markere at laget har femti år bak seg, med til dels stor aktivitet. Det skal skje på Valdres Folkemuseum laurdag 25. oktober frå kl. 18.00.

På jubileumsfesten skal kjøkemeister Knut Aastad Bråten leie oss gjennom ein kveld med mykje program. Det blir kåseri med Olav Norheim, samtale med leiar gjennom mange år Bjørn Karsrud, minikonsert med Blått gådn, allsong, premiering i kronikk-konkurransen til Nord-Aurdal Mållag og avisa Valdres, helsingar, åresal og ikkje minst dansk fingermat frå Munkekroen - og jubileumskake.

Leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, kjem på festen. Det same gjer leiaren i Valdres Mållag og fleire tidlegare leiarar i Nord-Aurdal Mållag. Alle medlemmene i laget har fått personleg invitasjon, men festen er open for alle. På grunn av maten må folk melde seg på på førehand, seinast 17. oktober. 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS