FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Årsmøtefest i Valdres Mållag på Fagernes

I år er det Nord-Aurdal Mållag som arrangerer årsmøtefesten til Valdres Mållag, og det blir ein heil liten kulturkveld på Valdes Folkemuseum sundag 1. mars kl. 18.00 til 21.00.

Knut Aastad Bråten kjem med langeleiken sin, og han og Bente Hemsing framfører reklamestev frå jubileumsboka til Nord-Aurdal Mållag, før Bjørn Karsrud  kåserer om målstrev i Nord-Aurdal gjennom femti år.

Å høyre Ingun Kompen dele ut premiar i skrivetevlinga er eit underhaldningsinnslag i seg sjølv, og dessutan deler Valdres Mållag ut den årlege målprisen til ein person eller ei bedrift som har vore ein god dialekt- og/eller nynorskbrukar.

Det blir servert kaffi, te, brus og kaker. Det er gratis inngang, og sal av årer, kort og bøker i pausen. 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS