FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

I minneskogen til Trygve Bjørgo

Bjørgo-kveld, Bjørgo-dikt og tur til Øvre Rotvasstølen utgjer Nord-Aurdal Mållags markering av 100-årsjubileet for Trygve Bjørgo. Det var han som tok initiativ til å starte Nord-Aurdal Mållag i 1964, då han nett var komen til Valdres att, som fyrste rektor på det nystarta Valdres gymnas.

 

Det starta med songkveld til minne om Trygve Bjørgo i april. Sundag 4. september dreg mållaget på tur til Øvre Rotvasstølen, stølen som høyrer til garden Nørre Bjørgo der Trygve vaks opp. Og seinare i september kjem Kvitvella Forlag med dikt i utval av Trygve Bjørgo: Drøymer du, gamle tre?

Nord-Aurdal Mållag er òg med i nemnda som lagar til det "offisielle" Bjørgo-jubileet på Valdres Folkemuseum sundag 9. oktober. Karsten Alnæs skal snakke om lyrikaren og skulemannen Trygve Bjørgo, Lisbeth David-Andersen samtalar med familien, Kvitvella Forlag lanserer diktsamlinga, og det blir musikk av Jan Beitohaugen Granli, Lars Skattebu og Caroline Eugenie Synvis.

Vil du melde deg på stølsturen sundag 4.9., sender du ein e-post til torlyb@online.no

Vil du vera med på jubileet sundag 9.10., sender du ein e-post til info@valdres.museum.no

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS