Frå Aasen og Vinje til Fosse og Norheim

Velkomen til ein kveld med nynorsk litteraturhistorie!
Nord-Aurdal Mållag og Nord-Aurdal folkebibliotek inviterer til Jan Inge Sørbøs forteljing om korleis Aasen og Vinje tok landsmålet i bruk for å vise det fram for folket, om Samlaget som vart starta i 1878, og om korleis den nynorske litteraturen gradvis har vakse seg stor og sterk og vunne mange gjæve prisar – med namn som Vesaas, Hauge, Fosse, Eikemo, Norheim, Ravatn og mange andre.
Velkomen til Nord-Aurdal folkebibliotek torsdag 26. april kl. 19.00.
|
|