Flott program på jubileumsfesten
(01.10.2014) 25. oktober feirar me 50-årsjubileet som skulle ha vore feira 18. februar - eller kanskje skulle me ha feira 100-årsjubileum? Eit godt program blir det iallfall på Valdres Folkemuseum denne kvelden, frå kl. 18.00. Hugs å melde deg på innan 17. oktober!
Dette kan du få med deg om du kjem på festen:
Olav Norheim kåserer
Blått gådn held minikonsert
Ellen Persvold intervjuar Bjørn Karsrud
Marit Aakre Tennø helsar frå Noregs Mållag
Premieutdeling i kronikkonkurransen
Fingermat og jubileumskake
Allsong
Taffelmusikk ved Eigil Steinsfjord
Kjøkemeister: Knut Aastad Bråten
Det kostar kr 150 å koma inn dersom du ikkje er invitert som gjest. Påmeldingsfrist er 17. oktober (pga. maten).
|