Velkomen til Bok i Valdres 2014

Laurdag 22. november kl. 11–16.30!
For fjerde gong arrangerer Nord-Aurdal Mållag, Nord-Aurdal folkebibliotek og Libris Fagernes bokdag i kulturhuset på Fagernes. Det blir bokprat med Kjartan Fløgstad og Espen Søbye, Toril Brekke, Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue - og ikkje minst har dei lokale forfattarane fått sin eigen time til å presentere bøkene sine.
Mållaget driv bokkafé og salsdisk med eigne bøker, bokhandelen sel bøkene til forfattarane som er til stades, og dessutan er det barneteater i biblioteket.
Program (PDF) eller klikk på Les meir.
Program:
11-00–11.30 Dørene blir opna. Forfriskingar.
11.30–12.15 Kjartan Fløgstad og medforfattarar om boka Dovre faller
12.30–13.00 Kjartan Fløgstad om romanen Magdalenafjorden
13.15–14.00 Sigbjørn Mostue og Johnny Brenna om kriminalromanen Operasjon Hydra
14.00–14.35 Framsyninga Askeladden og de gode hjelperne (i biblioteket, barn frå 2 år / familie)
14.00–14.30 Pause der folk kan handle i kantina, kjøpe bøker, få dei signerte
14.30–15.30 Presentasjon av nye lokale utgivingar
15.45–16.30 Torill Brekke om romanen Marmor
|