FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Om oss Kontakt

Om oss

 (18.12.2008)

Stord Mållag er eitt av dei eldste lokallaga i landet. Maalvinarlaget vart starta opp av studentar ved seminariet (lærarskulen) på Stord i 1877, medan soga til Stord Mållag vel startar i 1901. Sidan den gongen har det vore nokre avbrot, men stort sett har laget hatt aktivitet heilt sidan den gongen.

I dag er me eit aktivt lag med medlemsauke og mange aktivitetar gjennom året. Me vil gjerne at målarbeid skal vera både kjekt og sosialt, og skipar mellom anna til bokkveldar, forfattarmøte, teaterturar og festar i tillegg til at me arbeider overfor både privat næringsliv og offentleg sektor for å få dei til å bruka meir nynorsk. Me gjev ut magasinet Stordamål ein gong i året, eit blad med lokalt stoff for alle aldersgrupper.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS