FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

Kvifor nynorsk sidemål?

Du lærar’n, kvifor har me sidemål, eigenleg? Du har nok høyrt det spørsmålet hundre gonger. Og det er mange grunnar til at me har sidemål. Her kjem nokre av dei.

1. Nynorsk og bokmål er jamstelte mål i staten. Alle som arbeider der, skal kunna skriva båe måla.

2. Dansketida. I om lag fire hundre år var dansk det einaste skriftmålet i Noreg. Det tykte Ivar Aasen og mange med han var ein dårleg idé å halda fram med. Nynorsken vart det nye norske målet; bokmålet har framleis rota si i dansk.

3. Du aukar ordtilfanget ditt med å læra to skriftmål. Dei fleste orda i nynorsk kan du òg bruka i bokmål.

4. Ivar Aasen var eit geni. Han bygde eit moderne skriftmål opp frå målføre og norrønt. Det er eit privilegium for alle elevar å kunna læra seg dette målet.

5. Å læra å skriva nynorsk gjer det lettare å forstå og lesa bøker på nynorsk. Breid tileigning av målet er viktig.

6. Dialektane. Det er tett samanheng mellom nynorsken og målføra.

7. Norrønt. For tusen år sidan var norrønt det dominerande målet i Nordvest-Europa. Målet påverka andre mål i grannelaget. Det er ei bein lina frå norrønt til nynorsk.

8. Norderlanda. Dei germanske måla i Norden heng saman. Nynorsken er bindelekken vår mellom måla på Vesterhavsøyane og svensk. Bokmålet er bindelekken sørover til Danmark.

9. Større vyrdnad for folkemålet. Nynorsken byggjer på målet til bøndene, arbeidarane og dei underprivilegerte. Han er ikkje eit overklassemål.

10. Kulturmål. Nynorsken har vori skrivi i 150 år no. Han har lang tradisjon. Ein ovstor litteratur er skapt på dette målet.

11. Landsdelstoleranse. I dag står nynorsken sterkast på Vestlandet og i dalane på Austlandet. I ein periode på 1900-talet var han òg fyrstemål i delar av Trøndelag og Nord-Noreg. Noreg er mangslungi i målvegen. Sidemålet bind landet i hop.

12. NRK. Nynorsk og bokmål er jamstelte i rikskringkastinga, fjernsyn og radio. Skal du ha fullt utbyte av nyhendesendingane og tekstinga av krimen på fredagskvelden, er det glupt å kunna nynorsk.

13. Salmane. Det er ikkje vasstette skott millom Nynorskland og Bokmålsland. Tvert om. Salmar på nynorsk er ofte omtykte der bokmålet rår grunnen. Kan henda syng dei ein nynorsk salme i konfirmasjonen eller brudlaupet ditt?

14. Universitetet. Innanfor høgre utdaning kjem dei fleste bøker ikkje i parallelle utgåver. Bøkene som er skrivne på nynorsk, må lesast på nynorsk. So fint å kunna nynorsk frå før av då!

15. Flytting. Før i tida vart folk fødde og gravlagde på same staden, i same bygda eller byen. Det var den gong det og itte nå (Prøysen). Tenk å kunna nynorsk når du fær jobb i Møre og Romsdal eller Vest-Telemark! Midt i blinken!

16. Grammatikk. Den som lærer mykje om mål når ein er ung, har lettare for å læra andre mål. Har du høyrt om dativ og tre norske kjøn i norsk, er det greiare å skjøna at tysk òg har tre kjøn og fire kasus, medrekna dativ.

17. Setningslære. Nynorsken øver elevane opp i å skriva stuttare og meir oversynlege setningar. Det hjelper dei òg til å skriva eit betre bokmål.

18. Lettare å skjøna andre mål. Nordmenner er dei i Norden som skjønar grannemåla best. Tradisjonen vår med målførebruk og to skriftmål er viktig i denne samanhengen.
 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS