FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

Vert medlem

Ti grunnar til å melda seg inn i Lærarmållaget!

1. Eg tykkjer nynorsk er bra for skulen!

2. Nynorsk er det beste målet.

3. Dialekt + nynorsk = sant!

4. Bokmål er fint i dikt, men nynorsk er betre.

5. Ivar Aasen var eit geni.

6. Eg er ikkje heilt borte, eg heller ?

7. Nynorsken treng aktive støttespelarar.

8. Å stø ei god sak gjev eit godt samvit (fritt etter Ivar Aasen).

9. Tusund års rot det hev i landet, tusund år til so skal det stande (ordrett etter Ivar Mortenson).

10. Eg er glad i nynorsk og vil at målet skal leva.


Det er mange grunnar til å organisera seg i målrørsla. Her har me lista opp berre ti av dei. Hundre andre kunne truleg vori nemnde. Gjennom målrørsla viser målfolk, nynorskvener og nynorskingar samhald og solidaritet.

Problemet er at me må verta fleire. Nynorsk hovudmål og sidemål er ikkje vunne ein gong for alle. God vilje og godhug til nynorsk må fostrast og fremjast gjennom langsiktig plan og arbeid.

Noregs Lærarmållag er opi for alle som sympatiserer med nynorsk innanfor utdaninga, frå barnehage til universitet og høgskule. Me krev ikkje lærarutdaning, men vonar alle som har røynsle frå lærarskule og lektoropplæring, kjenner seg velkomne hjå oss.

Meld deg inn! Me har ingen opptaksprøver. Me tilbyd deg:

Norsk Tidend (lagsblad for alle i mållaget)
Opne seminar med ordskifte om norsk fag og undervising
Hyggjeleg hopehav med likesinna
Føredrag
Artiklar
Ei netsida med nyttig råd og rettleiding

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS