Under Dei nynorske mediedagane 1.-3. oktober skipar Mediemållaget til festkveld i Litteraturhuset. Bli med på
Den nynorske mediefesten fredag 2. oktober kl. 19.
Gabriel Fliflet, Sigrid Moldestad og Olav Tveitane står for konsertdelen under tittelen ”Språkleg songfald”. Det vert utdeling av Nynorsk redaktørpris, Arne Hjeltnes snakkar om nynorsk i den kommersielle verda.
Erling Lægreid kåserer om journalistar og journalistikk: " Boktrykker Aslaksens yngel"?
Billett: Kr 100,- (i døra).
Under
Dei nynorske mediedagane inviterer Mediemållaget og Ivar Aasen-tunet til ope møte om korleis VInjefondet, som kom inn på
statsbudsjettet i år, kan nyttast til å styrkja nynorsk journalistikk.
Fredag 2. oktober, 11.00-12.30 i Litteraturhuset - Amalie Skram. - Vi har nok ein gong fått Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk til å halda nynorskkurs for oss. Dette er eit svært godt tilbod, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. - Her får du eit dagskurs med høve til å senda inn tekst på førehand, for 400,- kroner.
Det er 25 plassar og her gjeld det å vera først til mølla!
Kurset vert halde i Litteraturhuset på opningsdagen for Dei nynorske mediedagane, 1. oktober.
Last ned pdf-brosjyre.