FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Dei nynorske mediedagane 2008 Dei nynorske mediedagane 2009 Dei nynorske mediedagane 2010 Dei nynorske mediedagane 2011 Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Dei nynorske mediedagane: Ottar Grepstads føredrag (03.11.2008)

Her kan du lasta ned pdf med føredraget Ottar Grepstad heldt i samband med 150-årsjubileet for A.O. Vinjes blad Dølen:
Nynorskpressa som kultur- og identitetsskapande faktor 1858–2008



Dølen-jubileet i NRK Søndagsavisen 12. oktober (12.10.2008)

Fredag 10. oktober var det 150-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinjes vekeblad Dølen. I dag, 12. oktober, sende NRK Søndagsavisen, ved Bjørg Gaathaug, eit innslag med klypp frå jubileumskvelden i Litteraturhuset og intervju med journalist Arnhild Skre, journalist i Aftenposten og leiar for Norsk Pressehistorisk Forening, og John Haarberg, professor i litteratur og forfattar av boka "Vinje på vranga". Du kan høyra innslag på NRK - podcast. Dei to har gode pressehistoriske kommentarar til Dølen.



Velkomen til Dei nynorske mediedagane 9.-12. oktober (29.08.2008)

No er programmet for Dei nynorske mediedagane klårt. Vi får programmet Storegut med Odd og Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås. Det er Vinje kommune som bidreg med denne framsyninga i høve 150-årsjubileet for Dølen den 10. oktober. Det vert også temamøte om oppfølginga av språkmeldinga, seminar om barnefjernsyn og mangt anna på programmet (last ned program (pdf).

- For oss i Mediemållaget er det utruleg kjekt med all støtta og dei positive attendemeldingane vi har fått på dette nye tiltaket, seier leiar Berit Rekve.

Les meir



© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS