Dei nynorske mediedagane vert 1.-4. oktober
(21.05.2009) - Vi er godt i gang med programmet for Dei nynorske mediedagane i Litteraturhuset i oktober. Men det er framleis mogleg å koma med innspel, seier leiar Berit Rekve.
Fredag 2. oktober lagar vi festkveld med mellom anna utdeling av Nynorsk redaktørpris, kåseri og samtale med Erling Lægreid, musikk ved Gabriel Fliflet m.fl.
Mange verksemder og organisasjonar er inviterte til å bidra med program. Nynorsk Pressekontor skal markera 40 år og inivterer til lokalavistorg 2. oktober. Det vert nynorskkurs for journalistar (sjå eiga sak på denne sida), seminar om kringkasting og mykje meir.
|
|