FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Dei nynorske mediedagane 2008 Dei nynorske mediedagane 2009 Dei nynorske mediedagane 2010 Dei nynorske mediedagane 2011 Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Syn og Segns essaykurs

Dei nynorske mediedagane:
Litteraturhuset - Kverneland
Fredag 2. oktober, kl. 10.00-17.00

Syn og Segn skipar til skrivekurs under Dei nynorske medidagane:
Lær å skrive meir personleg, utfordrande, utforskande og betre.


Kurset passar for journalistar, forfattarar, skribentar,
akademikarar og andre som vil utvikle det skrivande
uttrykket sitt.

Pris: kr. 800,-

Påmelding til: bente.riise@synogsegn.no
Arr.: Tidsskriftet Syn og Segn

Lær å skrive meir personleg, utfordrande, utforskande og betre. Om essayistikkens historie, særpreg og mulegheiter. Kurset passar for journalistar, forfattarar, skribentar, akademikarar og andre som vil utvikle det skrivande uttrykket sitt.

Program
10.00 - 12.00 Anders Johansen: Å tenkje seg om skriftleg
Ein skriv ikkje tankane sine ned eller ut. Tankane oppstår undervegs, av sjølve strevet med å formulere seg. Anders Johansen vil snakke om skriftspråk som tanketeknologi.

12.00 - 13.00 LUNSJ

13.00 - 14.00 Agnes Ravatn: I staden for journalistikk eller skjønnlitteratur
Agnes Ravatn snakkar om å nærme seg den essayistiske skrivemåten.

14.00 - 14.15 pause

14.15 - 15.00 Kirsti Sellevold: Essayet før essayet: eksemplet Montaigne

Då Montaigne skreiv sine "Essais" hadde essayet enno ikkje blitt ein sjanger; det blei den først etter Montaignes tid. Korleis ser essayet ut frå eit montaignesk perspektiv? Sellevold gir ein presentasjon av korleis essayet blir presentert og utforma i Montaignes "Essais". Ho vil m.a. kome inn på essayet som ein reiskap for dømekrafta, som ein erfaringsbasert refleksjon, som metode og / eller litterær og filosofisk form, og sist men ikkje minst essayet som kognitiv utforsking av eg‘et.

15.00 - 16.00 Gruppearbeid m/kaffi

16.00 - 16. 45 Eivind Tjønneland: Ironi, tvisyn eller tvingande sjølvmotseiing - ei innføring i essayets dialektikk

Føredraget tek opp tilhøvet mellom det det dialogiske og det dogmatiske ved essayet som sjanger. Når essayisten skyt på motstandarane sine, kjem ein rekyl i teksten. Døme frå Vinje og Garborg syner denne dialektikken, som slett ikkje alltid er dialogisk.

16.45 - 17.00 Oppsummering og avslutning v/ Bente Riise, redaktør Syn og Segn

18.00 Middag

Påmelding snarast og innan 24.9. til Bente Riise, redaktør Syn og Segn, mobil 90 58 48 38 eller e-post: bente.riise@synogsegn.no

P.S. Send gjerne vidare til den/dei du trur er interesserte i å vere med på seminaret!


Les meir om Dei nynorske mediedagane.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS