Fredag 2. oktober markerer Nynorsk Pressekontor 40-årsdagen.
Det skjer i Litteraturhuset kl. 14.00-18.00.
Seminar: Utfordringar for språket og journalistikken når
ein skriv for nettet.
Presentasjon av «NPK-språket» – ei ordbok som blir den
framtidige høgrehanda til alle nynorskskrivande journalistar.
Velkomen til 40-årsjubileum!
I 40 år har pressebyrået Nynorsk Pressekontor (NPK) arbeidd for å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk til norske aviser og kringkasting.
Pressekontoret vart oppretta i 1969 etter at Stortinget meinte Noreg trong ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. Sidan den gongen har NPK levert nyhende på nynorsk til norske aviser og kringkasting.
Dette ynskjer me å markera og vil med dette invitera DEG til jubileumsseminar Oslo.
Tid: Fredag 2. oktober 1400-1800
Stad: Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, i Oslo.
Feiringa skjer som ein del av Dei nynorske mediedagane. Heile programmet for mediedagane kan du lesa på http://www.mediedagane.no/.
Kvardagen for nynorskjournalisten endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga. Fleire og fleire aviser vel å satsa på nettutgåver i tillegg til papiravisene. Dette fører med seg nye utfordringar , både språkleg, journalistisk og når det kjem til tempo. Difor ynskjer me å nytta jubileumsseminaret til å ta opp emnet: Utfordringar for språket og journalistikken når ein skriv for nettet.
14.00: Kaffi og myldring
14.30: Møt NPK – eit høve for noverande og framtidige kundar til å snakka med NPK og koma med ynske, utfordringar, ris og ros.
15.30: Kaffipause16.00: Å vera på papir kvar dag og på nett heile tida.Kva gjer det med det nynorske avisspråket? Innlegg ved ansvarleg redaktør Jan Atle Stang i Firda, verdas største nynorskavis.
16.30: Ei kjelde til rett kunnskap. Eirik Helleve presenterer det nynorske nettleksikonet Allkunne.
17.00: Debatt: Er nett lett og papir tungt? Utfordringar for språket og journalistikken når ein skriv for nettet.
I panelet: Sylfest Lomheim, direktør for Språkrådet, Jan Atle Stang, ansvarleg redaktør for avisa Firda, Tord Nedrelid, filolog og kurshaldar i nettjournalistikk ved Institutt for journalistikk.
Debattleiar: Håvard Øvregård
17.45: Presentasjon av ordboka NPK-språket, eit nytt språkverktøy for nynorskjournalistar.
18.00: NPK 40 år! Feiring med kake til alle frammøtte.19.00: Inviterer mediemållaget til Den nynorske mediefesten. Der kan du mellom andre oppleva Arne Hjeltnes, Sigrid Moldestad og Erling Lægreid. Les meir på
http://www.mediedagane.no/.
Hjarteleg velkomen!
Beste helsing Nynorsk Pressekontor.