Kringkastingsringens seminar: "TV2 - framleis dialektkanal?"
Dei nynorske mediedagane:Litteraturhuset - Amalie Skram Laurdag 3. oktober, kl. 12.00-16.00Heilt sidan starten har TV2 markert seg ved å vera opne for å bruka dialektar i alle programtypar. I år går konsesjonen for allmennkringkasting ut, og TV2 har ikkje søkt om fornying. Korleis kjem språkprofilen til kanalen til å sjå ut i framtida når dei ikkje lenger er bundne av konsesjonsvilkåra om språkleg mangfald?
På seminaret set vi søkjeljos på TV2-språket, både i fortida og framtida. Vi har invitert TV2 til å svara på kva språkprofil dei planlegg, og kva vilkår som må til for å vidareføra dialektmangfaldet".
Arr.: Kringkastingsringen
|