Dei nynorske mediedagane 2010
(14.04.2010) For tredje gong skipar Mediemållaget til Dei nynorske mediedagane. I år vert det 21.-23. oktober. Hovudarena er også i år Litteraturhuset i Oslo, men i år vert det òg satsa på tilskipingar elles i landet. - Vi inviterer lokale mållag til å vera ein del av dette i år. Vi vonar både lokalaviser, skular og andre kulturkrefter har lyst til å laga aktivitetar som fremjer nynorsken i media og elles, seier leiar Berit Rekve. - I år er det 125 år sidan Stortinget gjorde det såkalla jamstellingsvedtaket. Det vil vi markera.
Førebels er ikkje programmet klart, men det vert kurs, Den nynorske mediefesten, utdeling av Nynorsk redaktørpris og fleire andre aktivitetar. Har du idear og framlegg, er det berre å ta kontakt med oss.
Kva er Dei nynorske mediedagane? Dei nynorske mediedagane skal løfta fram nynorsk som mediespråk. Det er òg eit mål å utvikla samarbeidet med dei allmenne medieorganisasjonane og skapa forståing for nynorsk hjå desse.
Mediedagane skapar ein arena for å synleggjera verksemder som arbeider med og for nynorsk i media. I tillegg inviterer vi andre medieorganisasjonar for å byggja gode relasjonar og løfta medvitet om nynorsk som mediespråk og jamstelt riksspråk.
Kringkastingsringens seminar: Internasjonalt blikk på kringkasting og språk Også i år held Kringkastingsringen seminaret sitt under Mediedagane. Det vert eit internasjonalt seminar om kringkasting i Europa. Søkjelys på språkleg jamstilling i ein del europeiske land: korleis forheld europeiske styresmakter seg til språkleg mangfald i etermedia? Korleis skil situasjonen seg frå den norske, og kvifor? Kva rolle spelar nasjonalitet, folkerørsler og EU i dette biletet? Seminaret er støtta av Utanriksdepartementet.
Førebels program: 10.00–10.15 Velkomen v/leiar Martin Toft 10.15–11.45 Kva er språkpolitikken til EU – og kva har han å seie for språkleg mangfald i kringkastinga? Pause med føremiddagsmat (?) 13.00–14.30 Språkleg mangfald i kringkastinga. Røynsler frå Catalonia Pause 15.00–16.00 Minoritets- og mindretalsspråk i kringkastinga i Norden Pause 16.15–17.45 Kommersialiseringa av kringkastinga i Europa. Farer og moglegheiter for minoritets- og mindretalsspråk frametter. Paneldebatt
|
|