FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Dei nynorske mediedagane 2008 Dei nynorske mediedagane 2009 Dei nynorske mediedagane 2010 Dei nynorske mediedagane 2011 Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Velkomen til Dei nynorske mediedagane 9.-12. oktober

 (29.08.2008)

No er programmet for Dei nynorske mediedagane klårt. Vi får programmet Storegut med Odd og Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås. Det er Vinje kommune som bidreg med denne framsyninga i høve 150-årsjubileet for Dølen den 10. oktober. Det vert også temamøte om oppfølginga av språkmeldinga, seminar om barnefjernsyn og mangt anna på programmet (last ned program (pdf).

- For oss i Mediemållaget er det utruleg kjekt med all støtta og dei positive attendemeldingane vi har fått på dette nye tiltaket, seier leiar Berit Rekve.

Program (per 1. september):

Torsdag 9. oktober

Utdeling av Nynorsk redaktørpris (stad og tid kjem)

Kl. 20.00
Nynorsk bar - Stopp Pressen, VG-huset, Akersgt. 55

Fredag 10. oktober

Kl. 14.00-16.00
Royal Christiania – Oslosalene
Nynorsk som mediespråk – Språkmeldinga og vegen vidare
Ope fagmøte (i etterkant av Norsk Redaktørforenings haustmøte)
Leiar for ordskiftet: Redaktør Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor

Kl. 19.00
Litteraturhuset - Wergeland
Vinje-kveld med 150-årsjubileum for Aa.O. Vinjes blad Dølen
"Nynorskpressa som kultur- og identitetsskapande faktor 1858 - 2008".
Føredrag ved Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.

"I Vinjes fotefar"
Samtalevert Arnhild Skre, journalist i Aftenposten og mediehistorikar, i samtale med forfattar Agnes Ravatn, Nils Rune Langeland m.fl.

"Storegut"
Eit sceneprogram med Odd og Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås, basert på diktsyklusen av Aasmund Olavsson Vinje.

Arr.: Mediemållaget i samarbeid med Vinje kommune og Norsk Pressehistorisk Forening. Med støtte frå Norsk kulturråd.

--

Laurdag 11. oktober kl. 12.00
Litteraturhuset - Amalie Skram
Barnefjernsyn - Kringkastingsringens seminar
Fjernsynsprogram for barn er blant dei viktigaste programsegmenta i kringkastinga. I mange år har målfolk uroa seg for at det er for lite nynorsk og dialekt i barneprogramma. Dette er eit eit viktig spørsmål der svara finst både i organiseringa av programproduksjonen og i viljen til å bruka barneprogramma til å spegla det språklege mangfaldet. Kringkastingsringen set søkjelys både på kva kringkasting for barn er i dag, kvifor det er slik, kva det bør vera og kva moglegheiter som finst.

12.00 Opning

12.15 Frå Barnetimen til Fantorangen
Korleis har kringkasting for barn utvikla seg dei siste femti åra, og kva tenkjer NRK om kva som er godt barnefjernsyn i dag?

13.00 Verda på fjernsynsskjermen
Korleis vert barn og unge påverka av det dei ser på fjernsynsskjermen – kva rolle speler fjernsynet i barnekulturen i dag?

14.00 lunsj

14.30 Produksjon av barne- og ungdomsfjernsyn, no og i framtida.
Panelordskifte med representantar både frå NRK og uavhengige produksjonsmiljø om korleis barnefjernsyn skal vera og korleis det kan spegla mangfaldet i heile Noreg. Opnar ny og billig produksjonsteknikk for ein annan type barnefjernsyn enn det vi er vane med? Kva rolle kjem internett til å spela for barnefjernsyn?

Arr.: Kringkastingsringen

--

Sundag 12. oktober kl. 10.00 – 15.00
Litteraturhuset – Nedjma

Kan nettavisene vera vegen til å få bort språksensuren i riksmedia?
Debatt mellom nettredaktørar med ulike innfallsvinklar til språkbruk på nett.

Lunsj

Kvifor kan ikkje alle journalistar skriva nynorsk?
Samtale mellom journalistar med røynsler frå og ulike synspunkt på det å skriva nynorsk i media.
I panelet: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Anne Viken med fleire.
Samtaleleiar: Håvard Øvregård

Arr.: Noregs Mållag

---

Du kan også møta representantar for Nynorsk mediesenter i Litteraturhuset under Dei nynorske mediedagane.

---
Samarbeidspartnarar og støttespelarar:
- Vinje kommune
- Norsk Pressehistorisk Forening
- Kringkastingsringen
- Riksfondet for nynorsk presse
- Nynorsk mediesenter
- Fritt Ord
- Norsk kulturråd
- Norsk Redaktørforening
- Sandefjord og Sandar Mållags legat til norsk målreising
- Noregs Mållag

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS