Medisinsk Mållag har etterlyst nynorsk i den elektroniske pasientjournalen (EPJ). No seier Helse Vest RHF at EPJ vil vere oppe på begge målføra i løpet av eit par år. Gradvis, vel å merke.
Medsinsk Mållag sende
førespurnad i februar til styret i helseføretaket om nynorsk i EPJ. Samstundes
ønskjer laget seg taleattkjenningsutstyr som skjønar noko anna enn stivt bokmål. No er
svaret kome. Helseføretaket understrekjar at intern språkbruk ikkje er underlagt språklova, men "ønskjer likvel å leggje til rette for at begge målføre skal vera synlege der det let seg gjere i programvare som blir brukt internt i føretaksgruppa."