FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Lov for Medisinsk Mållag

§ 1 Skipnad

Namnet på laget er Medisinsk Mållag. Laget er skipa 6.desember 1972. Alle som arbeider og studerer innan det norske helsestellet, og som er samde i føremåla til laget, kan vere medlemer. Jfr § 6.

§ 2 Føremål
Medisinsk Mållag har disse føremåla:
1. Dyrke og spreie kjennskap til nynorsk medisinsk fagmål
2. Arbeide for at nynorsk skal få sitt rette rom i helseinstitusjonar av alle slag.
3. Spreie medisinsk opplysningsstoff på nynorsk.
4. Ta vare på norske ord og nemningar om kropp og sinn, sjukdom og helse.
5. Arbeide for fullgod helseteneste på bygdene.

§ 3 Styre
Laget skal ha eit styre på fem medlemer med tre varamenn.
Formannen blir vald av årsmøtet for eitt år. Dei andre fire styremedlemane og varamennene blir valde for to år. To styremedlemer går ut av styret kvart år. Styret vel sjølv varaformann, skrivar og kasserar. Styret kan peike ut nemnder og utval til å arbeide med særskilde oppgåver. Styret kan tilsetje forretningsførar. Laget skal ha ein revisor med varamann, valde av årsmøtet.

§ 4 Årsmøte
Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mai månad kvart år, og skal kunngjerast med brev til medlemene minst ein månad føreåt. Årsmøtet skal ta stode til årsmelding og rekneskap, ta avgjerd om større løyvingar, fastsetje årspengar, velje styre og revisor i samsvar § 3, drøfte arbeisoppgåver og anna som er ført på sakslista. Årsmøtet set ned ei valnemnd på tre medlemer som skal førebu vala til neste årsmøte.

§ 5 Lovbrigde
Årsmøtet kan brigde denne lova med to tredels fleirtal. Styret må kunngjere framlegg om lovbrigde seinast saman med innkallinga til årsmøtet. Dersom nokon medlem krev det, skal framlegg om lovbrigde sendast ut til skriftleg røysting mellom medlemene.

§ 6 Noregs Mållag
Medisinsk Mållag skal vere med i Norges Mållag. Dersom Medisinsk Mållag vert oppløyst eller legg ned arbeidet, skal Noregs Mållag ta vare på pengar og eignelutar, og bruke midelen til slike føremål som er nemnde i § 2, punkta 1-4.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS