FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Årsmøte 2009

 (13.06.2009)

Onsdag 28.1.2009 kl 1930
Restaurant Holbergstova, Bergen

Det var 8 frammøtte, 2 utanom styret.

Sak 1: Årsmelding. Forkvinna Turid las opp årsmeldinga. I det vesentlege har oppgåva i 2008 vore å få revidert boka Medisinsk Journalskriving. Det skal nemnast at Medisinsk Mållag har vore presentert i Dagens Medisin i august 2008, noko som har gjeve god åtgaum til målsaka.

Sak 2: Rekneskap. Kasserar Øygunn presenterte denne. Det er kr. 11914,56 på bok 1.1.2009. Det er kome inn meir medlemspengar i år enn i fjor; frå 4000 i 2007 til 6040 i 2008. Sidan det ikkje har vore brukt pengar på kulturelt samankome for medlemene i 2008, er situasjonen betre økonomisk enn i fjor.

Sak 3: Val av styre. Alle 6 styremedlemene er på val ved dette årsmøtet. Valkomiteen har vore samansett av Haldor og Arne. Vi spurde medisinstudent Einar Sundal før årsmøtet om han kunne tenkja seg å stilla til val, noko han takka ja til. Dei sitjande styremedlemene har alle sagde seg viljuge til å verta attvalde.
Ved samrøystes vedtak og akklamasjon vert difor fylgjande 7 styremedlemer valde av årsmøtet:
Einar Vie Sundal, Haldor Slettebø, Reidar Kvåle, Mette Løkeland Stai, Øygunn Kallevik, Turid Thune og Arne Nakling.

Sak 4: Val av utsending til årsmøtet i Noregs Mållag. Turid og Øygunn vert valde av årsmøtet. Dei andre i styret står som vara.

Eventueltsaker:
a) DIPS på nynorsk. Det er viktig at det nye elektroniske journalsystemet òg kjem i nynorsk målform. Vi vedtek å formulera eit brev til Helse Vest om dette.
b) Offisielt namn Haukeland universitetssjukehus. I ein artikkel i TNLF stod det å lesa at dei vil halda på termen ”sykehus”. Vi er ikkje samde i dette, og gjer vedtak om å formulera eit brev til Helse Bergen der vi bed om ei presisering av dette.
c) Taleattkjenningssystemet gjev ikkje rom for nynorsk. Det er blitt kjent for oss at dette nye systemet berre fungerar med ”stivt bokmål”. Årsmøtet gjer vedtak om å skriva brev til Helse Vest for å få ei ordning på dette.
Alle 3 breva går i kopi til Helsedepartementet, Kulturdepartementet, Bergens Tidende, NTB og Noregs Mållag for å ansvarleggjera dei involverte.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS