FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Årsmelding 2015

Årsmelding for Medisinsk Mållag for 2015.

Styret har i 2015 vore sammansett slik: Arne Nakling, leiar. Turid Thune, nestleiar. Øygunn Kallevik, kasserar. Einar Vie Sundal, styremedlem. Terje Brune, styremedlem. Varamedlem: Håvard Skeidsvoll. 

Styresamansetjinga har vore uendra i 2015, då alle tok attval. Vi gjer nytt val på styre ved årsmøtet i 7.3.2016. 

Medisinsk mållag hadde 106 betalande medlemer i 2015. Medlemstalet er såleis bra stabilt. Saldoen i laget per 31.12.2015 er kr. 33 602 og syner ein god og stabil økonomi.

I 2015 hadde me eitt styremøte på skype og styret har halde kontakten meir uformelt. Leiaren har skrive til kommunikasjonsavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus og tilbode at medisinsk mållag kan hjelpa sjukehuset, men ikkje fått respons. Dette vil vi purra på over påske. Me hadde forfattar Bjørn Sortland med på årsmøtene i 2014 og 2015, og han sa seg viljug til å delta som språkleg rådgjevar for sjukehuset. Også på årsmøtet 7.3.16 har me lukkast å få både Bjørn Sortland og Einar Økland til å stilla.

Bergen, 7.3.2016

Arne E. Nakling, leiar

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS