Olav Gullik Bø, tidlegare lærar på Valdres vidaregåande skule, har skrive mykje, mellom anna fleire diktsamlingar, og han ville gje ut Stevleik på forlaget vårt.
Det er ei artig bok med stev for mange høve. Skal ein halde tale, finn ein mykje brukande her. Det er og noter til seks ulike stevtonar bak i boka, fem av dei frå Valdres.