FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Årsmøtesaker Kontakt oss

ÅRSMELDING FOR NOREGS LÆRARMÅLLAG, 5.-3.-12 TIL 11.-2.-13

 (02.04.2013)

Val

Årsmøtet 5. mars 2012 valde dette styret: Håvard Tangen (leiar), Håvard Hvidsten (nestleiar), Gunnar Ottne (skrivar), Sergej Munkvold (kasserar) og Nils Ole Hagen (styremedlem). Som 1. vara valde års-møtet Joakim Rønningen og som 2. vara Thorgeir Holm. Sissel Eikebø vart vald som revisor.

Kursverksemd, møte og representasjon

Mellom årsmøta har Lærarmållaget hatt ti styremøte. Vi var òg godt representerte på landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo 27.-29. april, der Håvard Hvidsten og Nils Ole Hagen representerte Lærarmållaget, medan Håvard Tangen, Sergej Munkvold, Joakim Rønningen og Gunnar Ottne møtte som utsendingar for andre lag. 19. juni hadde vi eit samrådings- og informasjonsmøte med leiaren i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, der Håvard Tangen og Gunnar Ottne møtte for Lærarmållaget.

Joakim Rønningen var utsending frå Lærarmållaget på det haustseminaret Noregs Mållag hadde i

Lillehammer 13. og 14. oktober, der òg Gunnar Ottne var til stades (som utsending for Drammen og

Eiker Mållag). På landsrådsmøtet i Noregs Mållag var Håvard Tangen til stades, men då som utsending for Vikværingen. 12. mars skipa Lærarmållaget til eit møte i Oslo om ”Nynorsken og digitale læremiddel”

med Kristian Fuglseth, Magne Aasbrenn og Vebjørn Sture som innleiarar. 28. mars heldt vi eit møte i Bergen saman med Hordaland Mållag og Vestmannalaget, der emnet var ”Debatten om norskfaget”.

Innleiarar på dette møtet var Endre O. Brunstad, Gunnar Skirbekk og Elisabeth Reehorst. Gunnar Ottne

møtte som utsending frå styret i Lærarmållaget. 17. september skipa vi til eit møte med folk frå skulebok-seksjonane i Cappelen Damm og Gyldendal, der Gunnar Ottne hadde ei innleiing, og der Bjørn Sølsnæs

møtte som elevtalsmann. 22. oktober hadde vi eit liknande møte med folk frå Aschehoug, der Joakim

Rønningen og Gunnar Ottne møtte for Lærarmållaget. Saman med Målnemnda i Bondeungdomslaget i Oslo skipa vi til eit inspirasjonsseminar for norsklærarar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Møtet vart halde på møterommet i den nye skrivarstova til Noregs Mållag. Møtet samla om lag

20 deltakarar, og stort fleire hadde det heller ikkje vore plass til i dette lokalet. Innleiarane på møtet var Liv Marie Schou, Torill Wiiger Tørjesen, Pål Wiik, Berit Rekve og Bjørn Sølsnæs. Elles bør vi nemne at styret har sendt ei høyringsfråsegn til Utdanningsdirektoratet om framlegget til ny læreplan i norsk. Denne fråsegna blir send ut til medlemene saman med dei andre årsmøtesakene, og ho ligg òg på heimesida vår.

Heimeside

Sidan aktiviteten nokre år var heller låg og datakompetansen dårleg, gjekk det lang tid før vi fekk opp-datert heimesida vår. Dette har vi fått retta på no, men vi må nok vedgå at vi enno har mykje att før vi kan seie oss nøgde. Likevel har vi teke eit langt steg i rett lei, og treng ikkje lenger skjemmast over at heime-sida verkar forelda. Etter kvart vonar vi å få lagt inn meir skulerelevant og ”matnyttig” stoff. Målet vårt må vere å kunne presentere stoff som lærarane kan ha nytte av i undervisninga, særleg i norskfaget.

Medlemstal

Medan talet på betalande medlemer var 78 i 2009 og 2010, auka det til 83 i 2011 og er no kome opp i 107 i 2012. Slik sett kan vi seie oss nøgde med at medlemstalet aukar, men potensialet vårt skulle vere

monaleg større, og det å auke medlemstalet må bli ei viktig oppgåve i tida som kjem.

Økonomi

Til møtet om ”Nynorsken og digitale læremiddel” fekk vi ei løyving frå Sunnmøre Mållag, og samarbeidet vårt med andre lag om tilskipingar både i Oslo og Bergen har òg vore til stor hjelp. Elles har vi all grunn til å rette ei stor takk til Drammen og Eiker Mållag for den løyvinga dei gav oss i 2012. Denne hjelpa gjer at vi no kan seie at økonomien er under god kontroll, men aukar aktiviteten, aukar utgiftene òg. Dei einaste sikre inntektene våre er jo refusjonen av medlemspengane frå Noregs Mållag, så det gjeld heile tida at vi må vere varsame med kva aktivitetar vi kan ta oss råd til.

Vurdering av arbeidet

Vi vurderer det slik at den framgangen vi hadde førre perioden, har halde fram også i 2012. Vi i styret

er vel nøgde både med møtetilskipingane og dei andre aktivitetane våre, men potensialet er stort og

arbeidsoppgåvene mange. Likevel set både arbeidskapasiteten og økonomien klare grenser for kva oppgåver vi kan ta på oss, og skal framgangen vår halde fram, treng vi fleire nye og arbeidsviljuge folk.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS