FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

Undervisningsopplegg

Vi vil gjerne ha tips om gode undervisningsopplegg og ber dykk leggje inn oppgåver de sjølve har laga. Vi veit at det blir produsert mykje bra tilfang rundt om i landet, og kvaliteten på nynorskundervisninga vil bli betre om vi kan gje kvarandre gode idear og få til ei fagleg erfaringsutveksling. Alle klassesteg er interessante, alt frå barnehagar til høgskular.

Opplegg som de har laga sjølve, kan vere minst like bra som dei vi finn i lærebøker og andre meir prestisjetunge produkt, og det er viktig at andre lærarar kan dra nytte av det de har laga. Ofte er det nyttig å få tilgang til små, praktiske og upretensiøse opplegg, og særleg er vi interesserte i opplegg som gjer at nynorskundervisninga blir mykje meir enn eit grammatikkurs.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS