FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Årsmøtesaker Kontakt oss

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I LÆRARMÅLLAGET, 4.-3.-13

 (02.04.2013)

Møtestad: Gaustadalléen 25 (Norsk ordbok)

Sakliste:

1) Godkjenning av innkallinga

Det var ingen merknader til innkalllinga

2) Val av møteleiar og møteskrivar

Håvard Tangen vart vald til møteleiar og Gunnar Ottne til møteskrivar.

3) Årsmelding

Det framlegget til årsmelding som var sendt ut på førehand, vart vedteke utan endringar.

4) Rekneskap

Korkje revisoren, Sissel Eikebø, eller møtelyden på årsmøtet hadde negative merknader, og rekneskapen vart vedteken i same forma som han var send ut.

5) Innkomne framlegg

Det hadde ikkje kome inn nokre framlegg, så dette punktet fall eigentleg bort, men leiaren hadde fått eit par merknader frå interesserte medlemer. Desse merknadene vart refererte, og årsmøtet merka seg dei synspunkta som hadde kome fram og ynskte at styret skulle ha desse innspela i tankane i det vidare arbeidet.

6) Framlegg til arbeidsprogram

Leiaren hadde utarbeidd eit framlegg til arbeidsprogram som styret slutta seg til på førre styremøte med nokre ganske få justeringar og tillegg. Framlegget vart samrøystes vedteke på årsmøtet, og har denne ordlyden:

Noregs Lærarmållag skal i 2013 – 2014:

* høgtida og heidra Ivar Aasen i samband med 200-årsjubileet hans. Hjelpa til med jubileums-høgtidingane.

* sanka nye lagslemer i samband med møte i målrørsla og andre stader der det er høveleg.

* skipa til nye fagdagar og møte til gagn for nynorsken og læraryrket.

* fylla ut vevsida vår med fleire opplysningar og stykke om soga og norskfaget.

* vera til stades der det hender viktige ting i målrørsla.

* påverka styremaktene til å halda fast på sidemålsstilen.

* samarbeide med målungdomen og studentmålrørsla der det høver.

* skulera oss på målsak og målideologi.

* knyta alliansar og samband innanfor målrørsla.

* laga eit innbydande flygeblad som freistar folk til å melda seg inn.

* arbeida for å styrkja nynorskkunnskapane i lærarhøgskulen.

Årsmøtet gav elles uttrykk for eit ynske om at det nye styret held fram arbeidet med å til eit seminar om talemålsrøkt på Voss eller på ein annan stad på Vestlandet.

7) Val

Det nye styret vart valt utan motkandidatar og har no fått denne samansetjinga:

Håvard Tange (leiar), Joakim Rønningen (nestleiar), Gunnar Ottne (skrivar), Sergej Munkvold (kasserar) og Thorgeir Holm (styremedlem). Nils Ole Hagen vart 1., Svein Olav Throndsen 2. og

Leif Harald Silli 3. varamedlem. Om styret skulle ynskje å trekkje inn fleire varafolk, fekk det fullmakt til å supplere varalista. Sissel Eikebø vart attvald som revisor. Elles vedtok årsmøtet at

Lærarmållaget denne gongen ikkje vil bruke pengar på la seg representere på landsmøtet i Noregs

Mållag, sidan det er så mykje anna vi treng å nytte pengar på. På slutten av møtet heldt leiaren ei takketale og overrekte gåve til den førre nestleiaren, Håvard Hvidsten, som hadde sagt frå seg attval fordi han no til sommaren skal flytte til Os i Østerdalen.

Møteskrivar: Gunnar Ottne



© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS