Også dette halvåret skjer det mykje som er verd å få med seg.
På fyrste lagsmøtet i januar kjem Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen med song og musikk.
I mars vil Sylfest Lomheim halde føredrag med tittelen: "Vil norsken overleva?"
Sundag 22. mai vert det nynorsk gudsteneste i Domkyrkja med Oskar Stein Bjørlykke. Kyrkjekaffi i Mållagsstova etterpå.
Ta med vener og kjenningar og kom ein tur til Mållaget!
Mange medlemer hadde funne vegen til Mållaget denne kalde desemberkvelden. Det var pinnekjøt med aprikoskompott til dessert på menyen i BUL-salen. Som tradisjonen har vore sidan 2000, er det Olav Molland som er sjefskokk og set det heile i gang...
Lagsmøtet i Mållaget denne tysdagen, 16.11.10, samla ca 50 tilhøyrarar som kom for å lytte til arkeolog Frans-Arne Stylegar, fylkeskonservator i Vest-Agder.
Det var Hogganviksteinen ved Mandal som stod i sentrum, og foredragshaldaren gav oss ei god skildring av tilhøva rundt dette funnet hausten 2009. Det var svært interesssant å få vite nærare om dette og korleis steinen har lege så godt bevart i over 1000 år.