FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jolemøte i Mållagssalen tysdag 10. desember (11.12.2019)

Tradisjonen tru var me samla til eit førjolsgilde. I år var me 25 personar som vart møtt med glitrande joletre og eit like gildt bord.

Tobbi Kvaale leia møtet som tok til med allsong. Lasse Stray stilte som vanleg bak pianoet. Etter ein song fekk språkprofessor Gudlaug Nedrelid ordet med føredraget "Jol i Norden". Ho tok til med eit stev før ho fortalde om gamle og nye skikkar for jolefeiringa. Gamle germanske ord var tekne opp i finsk og samisk, og levde der vidare ganske uendra. I dag kan det sjå ut til at handelsstanden finn fram jolepynten stendig tidlegare og at joletreet må ut rett på nyåret.

Så var det rett over på pinnekjøtet og det var nok mat til alle. Attåt kaffien var det pepparkaker og anna smågodt. Etterpå var det gang rundt joletreet med fem jolesongar og monaleg med vers. Samkomet vart avslutta med ein siste song ståande ved bordet og så byrja komiteen å rydda opp. Stor takk til Solveig, Borghild, Cecilie, Cecare og Kjellaug som syte for det heile.


Les meir



Skrivetevling for elevane i den vidaregåande skulen i Kristiansand hausten 2019 (14.11.2019)

Mållaget i Kristiansand inviterer alle elevane ved KKG, Kvadraturen, Tangen og Vågsbygd VGS til å skriva ei nynorsk Twitter-novelle på 140 teikn. Temaet i år er "konflikt" og det passar fint for eit medium som brukast politisk. Fristen for innlevering er 15. desember 2019. Vinnarane vil få sine premiar på årsmøtet 11. februar 2020.


Les meir



Mållagsmøte 19. november med Tore Kvæven: Liv og daude i det norrøne Grønland (13.11.2019)

Denne gongen var me så heldige å få forfattar Tore Kvæven på gjesting. I 2018 fekk han Brageprisen og Sørlandets litteraturpris for "Når landet mørknar". Det var dryge 30 frammøtte. Sylfest Lomheim leia møtet.


Les meir



(16.10.2019): Mållagsmøte 15. oktober med Michael Schulte: Runer i Agder gjennom tid - frå Hogganvik til Havstad
(22.09.2019): Mållagsmøte 17. september 2019 med Ronny Rognhaugen: Albert Einstein og lidenskapane - eit utruleg liv i ei uroleg tid
(12.09.2019): Lagsmøte tysdag 17. september kl. 19: "Albert Einstein og lidenskapane - eit utruleg liv i ei uroleg tid"
(17.08.2019): Nynorsk, ja takk!
(19.07.2019): Universiteta ligg langt bak nynorskkrava
(03.07.2019): Sumarhelsing
(03.07.2019): Program hausten 2019
(02.06.2019): Nynorsk gudsteneste
(17.05.2019): Tale og kransnedlegging for Jørgen Løvland 17. mai 2019
(08.05.2019): Jan Inge Sørbø gjesta Mållaget tysdag 7. mai 2019 og snakka om nynorsk litteraturhistorie
(05.03.2019): Mållagsmøte tysdag 19. mars med forfattar Arnhild Skre som fortalde om boka si "Kald krigs kviskring"
(08.02.2019): Samandrag frå møtet med Fædrelandsvennen torsdag 7. februar 2019
(30.01.2019): Lyrikkveld tysdag 5. februar kl 19
(16.01.2019): Mållagsmøte tysdag 15. januar 2019 med Ruth Vadtvedt Fjeld, forfattar av Norsk banneordbok
(12.01.2019): Nynorsk i Fædrelandsvennen
(09.01.2019): Mållagsmøte tysdag 15. januar 2019 kl. 19 med Ruth Vadtvedt Fjeld
(19.12.2018): Program våren 2019
(..): Årsmøte tysdag 12. februar 2019 kl. 19.
(..): Lyrikkveld tysdag 5. mars 2019 kl. 19
(..): God start på verveaksjonen hausten 2019!
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS