FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Julemøte i Mållaget 8. desember 2015 (09.12.2015)

"Nordisk jul i song og musikk" var temaet Emil Otto Syversen hadde vald til julekåseriet. Med seg hadde han Olaf Moen til å synge medan han sjølv akkompagnerte. Dette gav ei levande og god framstilling av gamle, kjende julesongar.

Møtet starta med at folk gjekk og forsynte seg frå langbordet der middagen stod. Pinnekjøtet frå Studenten Catering lukta godt, og denne varme julemiddagen i ein  festpynta sal skapte ei god stemning for dei nærare 50 gjestene.


Les meir



Nynorskprosjektet i 7. klasse på Skarpengland (30.11.2015)

Nynorskprosjektet vart avslutta med utdeling av diplom og trekking av bokpremie. Alle elevane hadde gjort ein svært god innsats, og då fortente sjølvsagt alle ein diplom.

To frå kvar klasse vart trekt ut som vinnarar av bokpremie. Dei kunne velje mellom bøkene eg hadde hatt med til bruk i leseperioden, og dei valde desse: Vaffelhjarte, Svarte Matilda I og Skammarens dotter (2 eks).

Alle hadde skrive gode bokomtalar, og det var moro å sjå at desse var skrivne på nynorsk. Tre av elevane kom fram og las kvar sin bokomtale. Svært bra!


Les meir



Stadnamn. Verd å verne, men korleis? (20.11.2015)

Vidar Haslum, språkforskar ved UiA, heldt eit engasjerande føredrag om stadnamn tysdag 17. november i Mållaget. Eit interessert publikum på ca 30 frammøtte fylgde frå fyrste stund ivrig med.

Føredragshaldaren synte ei stor glede med det han driv på med, og som han sa: "Stadnamn er interessante minnesmerke etter ei tid som var". Frå han var ganske ung, var han svært interessert i stadnamn, kva dei tyder og korleis dei har oppstått. Hovudoppgåva hans frå 1996 dreier seg om stadnamn i Birkenes kyrkjesogn og byggjer på innsamling frå slutten av sytti-talet.


Les meir



(10.11.2015): Skarpengland skole klar for nynorskprosjekt i tre veker
(10.11.2015): Hjarteleg velkomen til mållagsmøta våren 2016
(18.10.2015): Samarbeid mellom Kristiansand folkebibliotek og Mållaget
(17.10.2015): Møte med forfattar og historikar Aina Basso 13. oktober
(25.09.2015): Lovendring vedteke på årsmøtet 2015
(23.09.2015): Nynorsk lovspråk
(19.06.2015): Haustprogrammet 2015
(01.06.2015): Kyrkjekaffi i Mållaget sundag 31. mai 2015
(22.05.2015): Stor takk til Olav Molland
(19.05.2015): Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland
(17.04.2015): Nynorsk på timeplanen på Lovisenlund
(16.04.2015): Alfred Fidjestøl: "Frå Asker til Eden"
(23.03.2015): Nynorske barnesongar utgjevne av ARR, Kristiansand
(19.03.2015): Tema for mållagsmøtet 17.mars: Namn
(11.03.2015): Nynorsklesing på Hånes mars 2015
(20.02.2015): Nynorsk på Strømme skole
(21.01.2015): Leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, vitja Mållaget i Kristiansand tysdag 20.januar
(08.01.2015): Nytt år og nynorske bøker på Skarpengland
(..): Innkjøp av bokpakkar frå Samlaget
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS