FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Snø og granskog i Agderbyen

 (09.12.2009)

Professor i teologi, Aasulv Lande, kåserte over dette emnet tysdag 8. desember i Mållagssalen.

Det var interessant å lytte til kåseriet hans der han tok utgangspunkt i eit dikt av Tarjei Vesaas om "Snø og granskog".Dette sette han opp mot "Agderbyen", eit uttrykk tidlegare politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Jon P. Knudsen, hadde nytta. Snø og granskog er ein viktig del av norsk kultur og natur, noko som gjev livet klang og meining. "Agderbyen" står for urbanisering og marknadskrefter utan klare grenser.
Aasulv Lande har arbeidd som prest i Japan, og siterte ein japanar som snakka om Vassbøffel-teologi - ein skulle gå langsamt fram og gje seg tid. På den andre sida hadde ein heller ikkje vore der ein er, om ein ikkje hadde vore oppteken av å gjere ting "bigger - better - faster", for å seie det med amerikanarane. Ein treng nok båe delar, men ikkje gløyme "å bli langsame menneske og ha tid til å gle seg over livet!"

Før foredraget var over 50 frammøtte samla i BUL-salen til den tradisjonelle julemiddagen med pinnekjøt, poteter og kålrotstappe med aprikoskrem til dessert. Alt var nydeleg tillaga av "sjefskokk" Olav Molland, ein jobb han har teke på seg i mange år nå.

Etter foredraget var det tid for kaffi og småkaker i Mållagssalen. Denne gongen var me så heldige å få høyre Borghild Løwer og Olaf Moen framføre stev og julesongar. Dessutan leia dei allsongen med å plukke ut julesongar frå det nye heftet Mållaget nettopp har kjøpt.

Ein koseleg kveld der folk gjekk heim med ei god kjensle av å ha fått føde for både "lekam og sjel".



Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS