FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Mållaga på Agder satsar på nynorsk i barnehagane

 (24.09.2010)

Noregs Mållag har sett i gang ein kampanje for meir nynorsk i barnehagen: "Gjennom ord blir verda stor". Det er viktig at borna ifrå dei er små blir vant med å høyre ulike målformer, men det er ofte lite nynorsk dei høyrer.
Mållaga på Agder har difor engasjert Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen til å reise rundt med konsertar. Turneen starta øvst i Setesdal den 7. september og vert avslutta i Evje 19. oktober.

Turneen held vidare fram med besøk på barnehagar frå lengst aust i Aust-Agder til lengst vest i Vest-Agder. Barnehagane det gjeld har fått tilsendt liste over datoane.

I tillegg til konsertar og opplesing på nynorsk for borna i barnehagen, får personalet besøk av skulemålsskrivaren i NM på ein av planleggingsdagane deira.

21. september fekk eg høve til å høyre Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen i Ravnedalen barnehage i Kristiansand. Dette var siste konserten den dagen - etter Iveland og Vennesla tidlegare. 30 - 40 forvitne og glade ungar var møtt opp, og sjølv om det var seint på dagen, var dei heilt med. Mange av songane var nok ukjende for dei, så det var lite dei song med på "Blåmann, Blåmann bukken min", "Eg gjætte Tulla", "Fager kveldssol smiler" t.d. Men dei viste stor songglede til "Kva for ein dag er det i dag?", "Sjå min kjole". Det var tydeleg at der kjente dei melodien.

Inger Lise Stulien Robstad var flink til å variere med kjente og ukjente tekster, og der det var naudsynt, forklarte ho. På slutten vart rytmeinstrument delt ut, og det skapte stor aktivitet. Då var det full fart på "Eg gjekk meg over sjø og land", men samstundes var dei heilt med på teikna ho gav, slik at dei veksla fint mellom rytmespel og heilt stille.

"Blåmann, Blåmann" var både start- og avslutningssong. Ein stor, fin og blå bukk i papp som born i Hornnes barnehage hadde laga, fekk stå framføre tromma då songen vart framført. Dette til ære for Blåmann barnebokklubb! Bokklubben har gjeve ut tekstheftet "Syng sjøl" med ein CD i tillegg, og dette var gåve til barnehagen etter konserten.
Dei får dermed høve til å synge og kose seg vidare med songane dei høyrde.

Det var ei fin førestelling, og det var svært moro å høyre kor godt ho har halde på Byremodialekten sin. Bra at også born i Kristiasand får høyre nynorske ord og vendingar.

Då Ingar Arnøy og Borghild Løver var på planleggingsdagen i Ravnedalen i august, fekk barnehagen låne fleire biletbøker frå Mållaget i Kristiansand. Dessutan skal ein frå Mållaget lese meir nynorsk for dei seinare i haust.

Me får vone at borna som opplever konserten og opplesinga kjem til å gle seg over nynorsken dei seinare vil møte både i skulen og elles.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS