FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Blir norsk eit blandingsspråk?

 (31.05.2009)

Av Martin Skjekkeland


For dei aller fleste av oss er det i dag heilt naturleg å ta i bruk engelske ord når me skal fortelja om ei oppleving me har hatt. Kanskje har me vore på cruise om sommaren, eller me har vore på fjellet om vinteren og der opplevd ”after skiing”. Eller kanskje har dottera vår vore på ”bad taste party” med boots og collegegenser som del av antrekket. Sonen i huset har vore i eit trendy selskap der alle digga discomusikk frå hitlistene. Ein del av ungdommane i selskapet gjekk med stonewashed jeans, medan andre følgde sagge-moten. Ein kunne kjøpa seg fast-food og også brownie og bagels.

At me låner ord frå andre språk, er ikkje noko nytt. Me har opp gjennom tidene tatt imot ord frå mange språk, og særleg frå latin, gresk, nedertysk, fransk og engelsk. Dei eldre importorda ser me lite til ettersom dei er så godt assimilerte i språket, dei er tilpassa det norske språksystemet. Døme på dette er ordet jern frå keltisk, kyrkje frå gresk, plante frå latin, snakke frå tysk, moderne frå fransk, konto frå italiensk, trålar frå engelsk, kjendis frå svensk, pulk frå samisk, sofa frå arabisk osv. Ser me på dei nyare importorda, så kjem dei fleste av dei frå engelsk, og mange av dei passar dårleg inn i norsk språkstruktur. Me skal sjå litt på korleis me taklar møtet med alle dei engelske lånorda, men først noen ord om dei eldre
ordleverandørane våre.

Ei mengd abstrakte og akademiske ord har kome frå gresk og latin. Av dei ca 13500 importorda i norsk kjem 4100 frå latin og 2100 frå gresk. Frå latin har me fått ord som: kristen, prest, nonne, messe, kåpe, ofre, brev, plante osv. Ord med latinske ordstammar er: abdikasjon, attraksjon, depresjon, diktere, ekskludere, infiltrere, konferere, kollektiv, manuskript, mobilitet, normere, produsere, passivisere, reaksjon osv. Ordstammar frå gresk finn me i pedagog, autonom, demokrati, geograf, psykolog, telefon osv.

Det er likevel det nedertyske språket som har påverka det norske språket aller mest. Dei mange nedertyske orda kom inn i norsk med hansakjøpmennene på 1300- og 1400-talet. Nye varer og nye handverk blei formidla av tyskarane. Hansaspråket sette merke på alt som var knytt til bylivet som utvikla seg på denne tida.
Nedertyske ord i daglegspråket vårt er t.d. betale, bukse, billeg, enkel, ekteskap, frukt, flink, bli, frykte, handle, handverk, håpe, lukt, måte, pris, prøve, rente, reise, snakke, skrive, sukker, plage, prate, prøve, vandre og hundrevis andre.
Frå nederlandsk fekk me på 1500-talet ord frå sjømannslivet: anker, bedding, dørk, dekk, fartøy, gast, kryssar, matros, peile, slingre, spleise osv. Mange faste utrykk kjem frå nedertysk: spott og spe, rubb og stubb, hulter te bulter, til punkt og prikke osv.

I dag kjem som nemnt dei fleste lånorda frå engelsk. Språket vårt er under press frå engelsk på to måtar: 1) det engelske språket tek gradvis over som bruksspråk på visse samfunnsområde (t.d. forsking og høgare undervisning) og 2) engelske ord tek plass i norsk daglegspråk. Nokre meiner at me gradvis får det som kan kallast ”Anglonorsk”. Mange av dei engelske orda kjem til oss gjennom den teknologiske utviklinga, og særleg gjeld det oljeindustrien og datateknologien.

Likevel, mest synelege er alle engelske orda knytte til moderne kultur og livsstil, det gjeld musikk (hit, disco, breakdance osv.), klede og mote (jeans, duffelcoat, cityshorts osv.), mat og drikke (hot dog, burger, bagel, donut osv.). Ord frå engelsk tek plass i ungdomsspråket, kjem fram i annonsar, på reklameplakatar og butikkskilt: ”Stonewashed jeans”, ”Levis Authorized Dealer”, ”Dahl’s flytteconsultant”, ”Body shop”, ”Jimmys steakhouse”, ”Pick-up Burgerhouse” osv.

Innfor språkvitskapen skil ein mellom arveord på eine sida (dei orda som me ha hatt med oss frå så langt tilbake som me kan følgja språket) og lånord og framandord på den andre sida. Dei to siste gruppene blir samla kalla importord. Skiljet mellom framandord og lånord går på om ordet har fått ei form som gjer det veltilpassa språkleg. Eg har ovanfor gjeve døme på veltilpassa lånord frå nedertysk. Også blant dei engelske lånorda finst det slike tilpassa ord: stress, mobbing, harddisk, rafte, fotball, basket, digge, dress, krasje, strippe, sjekke, teit, dønn osv.

Så har me heile den flokken av ord frå engelsk som ikkje let seg innpassa i norsk språkstruktur. Dei har ein framand skrivemåte og eit framandt bøyingsmønster. Dei stikk seg ut og uroar det norske systemet. I tillegg til døma ovanfor (musikk, mote osv.) kan ein nemna: feedback, facts, caps, display, image, whiplash, skateboard osv.

For mange slike ord prøver Språkrådet å finna norske ”avløysarord”. Nokre gonger lykkast dette bra. I dag er det ganske vanleg at folk både seier og skriv: tilbakemelding (ikkje feedback), brettsegling (ikkje windsurfing), rullebrett (ikkje skateboard), idédugnad (ikkje brainstorming), marknadsføring (ikkje marketing), støtteark (ikkje handout) osv. Nokre gonger kjem det nye norske ordet for seint til å ta over for det etablerte engelske. Eit døme er carport (ikkje bilstø som blei foreslått). Avløysarordet utanskjærsindustri har ikkje utkonkurrert offshoreindustri. Vanleg i bruk er også deadline, display, layout, headhunting, bodylotion, milkshake o.a.

Dersom me ikkje lykkast med å finna eit nytt norsk ord til erstatning for det for det engelske, kan me tilpassa framandordet til norsk skrivemåte. Dette blir kalla ”norvagisering”. I 1996 innførte Språkrådet norsk alternativ skrivemåte i 49 framandord, og gradvis har det kome fleire til. Me kan nå skriva: gaid el. guide, fait el fight, finisj eller finish, innputt el. input, keitering el catering, sjarter el. charter, sjåk el. choke, sørvis el. service.
Vedtaket om innføring av norsk alternativ skrivemåte i slike ord førte til ein heftig mediedebatt med over 500 avisinnlegg. Mange meinte at me burde halda på ein internasjonal skivemåte i framandorda då dette er med på å effektivisera kontakten med omverda, og også med på å gjera oss merksame på dei kulturhistoriske samanhengane me er ein del av.

Alle språk vil låna ord frå kvarandre. Norsk språk vil heile tida ta opp i seg ord frå andre språksamfunn, ikkje minst frå engelsk. Slik må det vera. I Språkrådet og i fagmiljøa prøver ein å finna norske avløysarord for mange av dei engelske orda. Der dette ikkje er mogeleg, prøver ein å tilpassa framandordet til norsk uttale og skrivemåte. Språkrådet ser at engelsk trugar norsk innafor visse samfunnsområde. Dette må ein kjempa imot. Men samtidig som ein kjempar denne kampen, er det viktig å passa på at norsk språk ikkje smuldrar opp innafrå ved at engelske ord med framandt uttale- og skrivemønster får prega det norske ordforrådet og det norske språksystemet.

Martin Skjekkeland
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS