Ny utlysing av journaliststipend
(08.10.2009) Søknadsfrist for hausthalvåret 2009 er 16. oktober Mållaget i Kristiansand tilbyr stipend til journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet. Stipendiaten får arbeide i miljøet til Nynorsk Pressekontor og NTB, og får god rettleiing der. Ho/han kan få kr 10 000,- per semester i inntil tre år. Nærare informasjon får du ved å ta kontakt med Mållaget v/ Øyvind Grov, tlf. 99 62 95 89 eller på e-post
STATUTTAR §1. Føremål Stipendet skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og i seinare arbeidsliv.
§2. Kven kan få stipend? Søkjarar frå Agder som ynskjer å bruke nynorsk i arbeidet sitt, har førerett. Dersom det ikkje er gode søkjarar frå Agder, kan stipendet delast ut til søkjarar frå andre delar av landet. For å få stipend, må ein ha fått og teke imot studieplass.Studentar kan få inntil 10 000 kroner kvart semester i inntil tre år. Maksimalt kan kvar student få 60 000 kroner.
§3. Stipendsøknad med grunngjeving. Ein CV som mellom anna inneheld: a. Attesterte kopiar av vitnemål frå tidlegare utdanning. b. Attesterte kopiar av attestar frå arbeidslivet. c. Kopiar av eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.
§4. Søknadsfrist 1. mars i vårhalvåret. 1. oktober i hausthalvåret.
§5. Jury 5.1 Styret i Mållaget i Kristiansand oppnemner jury på inntil 6 medlemer for 4 år om gongen. Halvparten av medlemene er på val annakvart år, fyrste gongen etter loddtrekking. 5.2 Samansetting av juryen - 2 representantar frå Mållaget i Kristiansand - 1 representant frå Mediemållaget - 1 til 2 representantar frå medieverksemder i Agderregionen - 1 journalist frå Nynorsk Pressekontor
§6. Om rettar og plikter i det faglege samarbeidet mellom stipendiat og samarbeidspartnaranea. a. Stipendiaten får ein arbeidsplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB. b. NPK/NTB tilbyr stipendiaten å nytte seg av heile det faglige miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet. c. NPK stiller ein ”fadder” til rådvelde som fagleg rettleiar for stipendiaten. d. Stipendiaten deltek i arbeidet i NPK-redaksjonen etter nærare avtale.
§7. Rapportering frå mottakar av stipend. Seinast ein månad etter semesterslutt må det sendast rapport til Mållaget i Kristiansand om progresjonen i studiet inkludert eventuelle attesterte eksamensresultat. Dette er ein føresetnad for å få forlenga stipendperioden som det samstundes kan søkjast om dersom studiet skal halde fram.
Søknadsinformasjon: Skriftleg søknad må ha med opplysningar om studieplass og studiekostnader,CV med kopi av vitnemål og attestar og eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.
Søknadsfrist 16. oktober 2009
Styret |
|