Også Eikeland skole i Vennesla kommune (tidlegare Hægeland kommune) har nytta seg av tilbodet frå Mållaget i Kristiansand om å låne nynorske bøker. Etter kort presentasjon av nokre av bøkene, kom elevane i 5. og 6. klasse raskt i gang med å finne seg lesestoff.
Dei kunne velje mellom bøker med mykje tekst på sidene og bøker med lite tekst. Fleire valde krevande bøker med ein gong og viste tydeleg leseglede.
Alle dei flotte biletbøkene var også populære!
Klassane hadde tidlegare i haust hatt leseprosjekt og er vande med å lese. For fyrste gong var det var berre nynorske bøker å velje mellom, men det gjekk bra. Dialekten deira ligg nærare nynorsk enn Kristiansandsdialekten, men skulemålet på Eikeland er bokmål. Fleire hadde lese nynorskbøker tidlegare, men for mange var det ei ny oppleving.
Etter ei kort stund var både 5. og 6. klasse ivrig opptekne med bøkene, og mange ville gjerne låne meir enn ei.
Som i Kristiansand får elevane diplom når dei har lese ut ei viss mengd bøker, og dei blir med på trekking av ei nynorsk bok.
Prosjektet går over ca 4 veker.