Sidan mars 2007 har det vore tradisjon med eit nynorskprosjekt på 5. trinn på Lovisenlund skole i Kristiansand.
Det er den dyktige bibliotekaren Anne Aaneland Olsen som har sytt for at nynorsk har kome på årsplanen.
Også denne gongen var det svært interesserte elevar, og tida til presentasjon gjekk altfor fort. Fleire hadde spørsmål til det eg sa under presentasjonen, noko som er er inspirerande.
Tidlegare har dei gått i gang med å velje bøker med ein gong, men denne gongen var det matpause fyrst. Eg fekk difor ikkje gått rundt og sett kva slag bøker dei valde, men det verka som
leselysten var stor.
Som tidlegare år hadde eg med flest biletbøker, men også bøker som krev dyktige lesarar. Når elevane har fylt ut eit skjema over bøker dei har lese, får dei diplom og blir med på trekking av bøker.
Mange av bøkene Mållaget har, har me fått kjennskap til gjennom
Bokklubben Blåmann som gir ut nynorske bøker for små og store i barneskulen.