Som på dei andre skulane eg har vore, vart eg møtt av ivrige og interesserte lærarar og elevar. Det var dei to klassane på 7. trinn eg besøkte. Også denne gongen hadde eg med eit rikt utval av bøker, både biletbøker og bøker med meir tekst.
Eg presenterte bøkene for ein klasse om gongen, og dermed fekk eg god kontakt med elevane.
Eg viste dei fyrst biletbøker. Av desse finst det utruleg mange gode. Dei har
illustrasjonar som gjer at boka blir både lett og morosam å lese. Mange valde å starte med biletbøker. Men det var også dei som med ein gong ville prøve seg anten på
Tonje Glimmerdal,
Drakeguten eller
Rekrutten, bøker på 3 -400 sider. Det var stor interesse for bøker frå krigen, fotball og spennings- og fantasy-bøker.
Mange er interessert i fagbøker, og av desse hadde eg med fleire dyrebøker av
Egil Hyldmo og historiske bøker med innhald frå 1000-talet og siste verdskrig.