FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Vil norsken overleva?

 (17.03.2011)

Fullt hus på Mållagssalen tysdag 15. mars då Sylfest Lomheim heldt eit engasjert foredrag om framtida for norsken.
Han meinte at talespråket/dialektane vil halde seg, men det blir eit tøft arbeid å ta vare på skriftspråket i dei neste 150 - 200 åra.

Sylfest Lomheim var direktør i Språkrådet frå 1. januar 2004 til 1. september 2010. Under hans leiing vart det i 2005 sett ned ei nemnd som skulle gjere greie for språkstoda i landet. Der vart det gjort så grundig arbeid at to Stortingsmeldingar som vart vedtekne i perioden 2007-2008 byggjer på arbeidet til nemnda.

I Stortingsmelding nr. 37 er det overordna målet å motverke at norsken blir borte frå det eine området etter det andre og syte for at norsk har ein fullverdig status og bruk i samfunnet. Det skal takast omsyn til den totale språksituasjonen i landet, m.a. likstilling mellom bokmål og nynorsk.
Ingenting kjem av seg sjølv, og det er politikarane som sit med makta. Men det hjelper ikkje med Stortingsvedtak om ikkje folket fylgjer etter og syner i bruk at det norske skriftspråket er funksjonelt.

Kvifor ikkje gå over til engelsk? Det høyrest praktisk og smart ut. Men det er det motsette, påpeiker han. Det vil ta tre generasjonar, altså ca 100 år, å lære seg eit anna språk godt. Det vil vere eit samfunn i ein overgangsfase som ikkje vil vere funksjonelt, og dermed ikkje så konkurransedyktig. Altså økonomisk slett ikkje smart!

Tidlegare var foreldra oftast språkførebileta for borna. No er dei aller fleste i barnehagen og vert påverka av språket der. Sjølv om det står aldri så fint om språkstimulering i Stortingsmeldingar og rammeplanen for barnehagane, blir dette slett ikkje fylgd. Det burde vere forbod mot å synge engelske songar der, iallefall Happy Birthday!!

Lomheim heldt opp tre ting som avgjer framtida for norsk: 1) haldning, 2) haldning, 3) haldning! Han er likevel meir optimist i 2011 enn han var i 2003. Det ligg til rettes no for å få språkpolitikken iverksett!


Eit friskt innslag på slutten av lagsmøtet stod Vegar Vårdal for. Han er folkemusikar og dansar, og det var moro både å høyre og sjå han der han spela og trippa rundt på golvet.

Han har budd fleire stader i landet, og han viste gjennom felespelet korleis musikken er påverka av folkelynnet: Friskt og lett i Nord-Noreg t.d., ein god del tregare i Hedmark! Far hans, Dag Vårdal, har samla mykje folkemusikk frå Vest-Agder, så noko av dette vart sjølvsagt framført.



Ein svært triveleg kveld!




Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS