Ragnhild Mydland frå Mållaget i Kristiansand har vore to onsdagar og lese for borna i Kløverhagen barnehage.
Interessen er stor, og her er mange bøker velje i. Det er små grupper ho les for, og alderen varierer frå 2 - 3 år til 5 - 6 år.
Denne onsdagen er det dei største borna som får besøk, og det er ofte ivrige kommentarar å høyre.
Borna er heilt med når ho les frå boka
Timothy mister seg sjølv.
Bøkene om
Bæ og Bø er også svært populære. Det er dessutan laga dokker til desse, noko som gjer figurane endå meir levande.
Noregs Mållag har ein kampanje no om meir nynorsk i barnehagen:
Gjennom ord blir verda stor. Mållaget i Kristiansand er med ei opplesing som dette med og støttar kampanjen ved at borna møter eit større språkmangfald gjennom dei nynorske bøkene og opplesinga.
Personalet ved Kløvergården barnehage har gitt svært positive tilbakemeldingar, og dette er inspirasjon for vidare arbeid i barnehagen.