FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Møt Oskar Stein Bjørlykke i Mållaget 22. mai

 (05.05.2011)


Forfattar og teolog Oskar Stein Bjørlykke vil halde preika i domkyrkja i Kristiansand denne sundagen. I samband med kyrkjekaffien i Mållagsstova etterpå får me høyre han fortelje og lese dikt.

Me vil også ha ei lita utstilling med nokre av bøkene hans. Han har utgitt ei stor mengd bøker, m.a. diktbøker for både born og vaksne, og dette er eit godt høve til å bli nærare kjend med han.

Ein artikkel i Årboka Litteratur for barn og unge, kan vere interessant lesnad på førehand: Oskar Stein Bjørlykke: "Å skrive for born"
Årboka Litteratur for barn og unge 2010, s.104-114.

Mållaget starta samarbeidet med Domkyrkja i Kristiansand i høve 125-årsjubileet for kyrkja i fjor. Det var då arrangement med Edvard Hoem både laurdag og sundag.
Etter den nynorske gudstenesta i kyrkja denne sundagen inviterte Mållaget til kyrkjekaffi i Mållagsstova.
Dette var så vellukka at me vil gjere det same i år også.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS