Haustprogrammet 2011
(16.06.2011) Også denne hausten er det planlagt ulike aktivitetar som er vel verd å få med seg. På det fyrste lagsmøtet i september kjem forfattaren Cornelius Jakhelln frå Kristiansand. Seinare har me eit program med Inger Johanne og Knut Mæsel - og Vibeke Lauritsen. Sistnemnde, oppvaksen i Kristiansand med bokmål, er velkjend i Mållaget for å inspirere elevane i vidaregåande til å bruke nynorsk. På møtet saman med BUL blir det eit program med Else Rønnevig. Lyrikk-kveldane held fram som før, annankvar tysdag kl 18.30. Dei er opne for alle, og nye medlemer er særskild velkomne.
- August
- Sundag 7. august. Vest-Agder museet kl. 12 - 15. Opplesing av nynorske biletbøker.
- September
- Styremøte 6. sept.
- Lyrikk6. sept.
- Lagsmøte 13. sept. kl 19.00: Cornelius Jakhelln: "Norrøn livskunst"
- Lyrikk 20. sept.
- Oktober
- Styremøte 4. okt.
- Lyrikk 11. okt.
- Lagsmøte 18. okt. kl 19.00: Inger Johanne og Knut Mæsel/ Vibeke Lauritsen: "Kristiansandkulturen - i historie og språk"
- Lyrikk 25. okt.
- November
- Styremøte 1. nov.
- Lyrikk 8. nov.
- Onsdag 9. nov. kl 19.30. Lagsmøte saman med BUL: "Bakerovnen" med Else "Sprossa" Rønnevig og boka hennar.
- Lyrikk 22.11.
- Styremøte 29. nov.
- Desember
- Julemøte 6. des. kl 19.00 (Berre for medlemer) Gunvor Lande kåserer. Songinnslag v/ Olaf Moen/Borghild Løver
- Lyrikk 13. des.
|
|