FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kristiansand i språk og historie

 (19.10.2011)

Inger Johanne og Knut Mæsel tok oss med på ein svært interessant "rusletur" denne kvelden. Dei tok utgangspunkt i den siste boka deira: Rusleturer i Kvaderaturen 7 Under Baneheia som vert utgjeve i desse dagar.

Etter kaffipausen heldt Vibeke Lauritsen eit engasjert innlegg om Kristiansandsdialekten, og kor mykje i denne som eigentleg er likt med nynorsk.

Foredraget til Inger Johanne og Knut Mæsel starta med at omslagsbiletet til siste boka deira vart vist på lerretet, og publikum vart bedne om å kome med namn på bygningar dei kjende att. Kontakten mellom forfattarar og tilhøyrarar var slik frå fyrste stund på topp.

Bileta var utgangspunkt for forklaring om når husa vart bygde, kva namn det var på ymse hus og gatene dei låg i. Mest ingenting av dei bygningane som låg der før, finst i dag. Fleire gater er også borte.

I dette området av byen var det gjerne folk frå landet som slo seg ned, og mange som var lutfattige, fekk eit lite husvære her. Denne bydelen vart ein slags underklasse, sjølv om klasseskiljet her ikkje var stort samanlikna med Oslo t.d.

Kva opphavet til ulike namn er, fekk me forklaringar på. T.d. var Gartnerløkka på slutten av 1800-talet ei svær slette(løkke) som etterkvart vart dyrka opp, og difor kom dette namnet i bruk. Baneheia kjem av Reperbanen som lå under heia.

Trafikken i byen har auka kollosalt og dermed øydelagt mykje av bygningane og miljøet som var der. Det er difor flott at Inger Johanne og Knut Mæsel har teke fatt på arbeidet med å samle inn bilete og intervjue gamle folk. Eit svært verdifullt arbeid vår tid og for komande generasjonar!

Etter kaffipausen kom lektor på KKG, Vibeke Lauritsen, med eit levande foredrag om kristiansandsdialekten. Ho er født i byen, og ho har alltid vore oppteken av språk. Nynorsk er hovudmålet hennar, og ho har gjort eit svært viktig arbeid blant elevane i vidaregåande ved å la dei bruke nynorsk i fleire fag.

Ho har arbeidd mykje med likskapen mellom nynorsk og Kristiansandsmålet. Noko av det ho peika på er bruk av diftongar, t.d. i blei, skreik og i verbbøying, t.d. hoppa, kasta, der orda er heilt like med nynorsk skriftmål. Elevane vart overraska. Dette hadde dei aldri vore bevisste på tidlegare.

Elles viste ho mykje til Sissel Kostøls hovudoppgåve frå 2005 om Kristiansandsdialekten i endring, ei endring som stadig har gått raskare.

Margrethe Sødal spela piano
og fekk oss godt med på Sørlandsvisene som vart sungne innimellom ulike innslag.
I det heile ein svært innhaldsrik kveld!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS