Utdeling av journaliststipend hausten 2011
(02.11.2011) Mållaget i Kristiansand er glad for å kunne dele ut stipend til komande journalistar. Desse vart etter møte i juryen 1.11.2011 tildelt stipend: Johanne Flottorp, Maria Lavik, Helene Reite og Ingvild Skølt. Tre av desse studerer journalistikk ved Høgskolen i Oslo, medan den fjerde, Helene Reite, er student ved Mediehøgskolen Gimlekollen, Kristiansand. Av desse har både Flottorp, Lavik og Reite fått stipend tidlegare.
Me ynskjer dei lukke til med studiet og vonar dei kjem til å få høve til å bruke nynorsk ofte.
|
|