Det er tredje året at Hånes har hatt ein nynorskperiode på 7. trinn, og som tidlegare vart eg positivt motteken då eg kom med alle bereposane med bøker.
Snautt 60 elevar starta dagen på musikkromet der bøkene var stilt ut, og eg brukte den fyrste halvtimen til å presenterte eit lite utval før dei fekk låne.
Dei hadde mange bøker å velje mellom, både biletbøker og bøker med mykje tekst.
Fagbøker, t.d. frå krigen, var det også mogeleg å finne.
Etter presentasjonen var det livleg aktivitet og dei fleste såg ut til å finne ei bok dei hadde lyst til å lese. Kontaktlæraren, Bodil Kristine Nygaard Laundal, var svært positiv og hadde lagt til rette for lesing rett etter presentasjonen.
Heile 7. trinnet skal ha nynorsk på timeplanen i 3 veker.