FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk i 5. klasse på Lovisenlund

 (05.03.2012)

Stor interesse for nynorskbøkene også denne gongen. Sidan mars 2007 har eg vore ein gong i året på Lovisenlund skole for å presentere nynorske bøker på 5. trinn.

Skulen er svært positiv til nynorsk, og det er nok mykje takka vere skulebibliotekaren Anne Aaneland Olsen som fekk nynorsk fast på timeplanen i 5. klasse for 6 år sidan.

Interessane er ulike, og to av jentene såg seg raskt ut ei bok som handla om hestar og ponniar.
Som vanleg hadde eg med mange biletbøker, bøker med meir tekst og fleire reine fagbøker.

Det er litt av kvart å velje mellom, og etter presentasjonen ville dei fleste også denne gongen starte lesinga snøggast mogeleg.


Desse jentene har funne litt ulikt lesestoff, noko med humor: Koseputa-bøkene og noko meir alvorleg: Da eg kom heim, var hesten borte. I Tonje Glimmerdal (boka lengst til venstre) finn ein både humor og alvor.


Sjølv om elevane berre er komen til 5. trinn, verkar det som mange gjerne les "tjukke" bøker og ikkje er redde for å gje seg i kast med meir krevjande tekster.

Alle får diplom når dei har lese så mange sider at dei har fylt ut skjemaet kvar enkelt får. Dei blir også med i trekking om bokpremie.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS