Haustprogram 2012
(13.05.2012) Språket er i fokus på lagsmøta i september og november, og det er lokale krefter me har fått som foredragshaldarar: Martin Skjekkeland og Jan Hognestad, båe frå UiA. Til sammøtet med BUL i oktober kjem Arnhild Skre for å snakke om Hulda Garborg.
Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.
Lagsmøta er sjølvsagt òg opne, med eitt unntak; julemøtet, som berre er for medlemer (og til nett det møtet er det påmelding).
Alle som er interesserte i dei sakene eller programma Mållaget har, er hjarteleg velkomne!
August Tysdag 28. Lyrikk September Tysdag 04. Styremøte Tysdag 11. Lyrikk Tysdag 18. Lagsmøte kl. 19.00: Nynorsk i det norske språksamfunnet med Martin Skjekkeland Tysdag 25. Lyrikk
Oktober Tysdag 02. Styremøte Tysdag 09. Lyrikk Onsdag 17. Sammøte Mållaget/BUL kl. 19.30: Arnhild Skre med Hulda Garborg-program Tysdag 23. Lyrikk
November Tysdag 06. Styremøte og lyrikk Tysdag 13. Lagsmøte kl. 19.00: Musikken i språket. Utviklinga av tonale trekk i norske talemål, med døme frå dialektar på Agder med Jan Hognestad Tysdag 20. Lyrikk Tysdag 27. Styremøte
Desember Tysdag 04. Lyrikk Tysdag 11. Julemøte (medlemsmøte) kl.19.00: Juletradisjonar frå eldre tid med Sturla Ertzeid
|
|