FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ivrige nynorsklesarar på Lovisenlund skole

 (26.02.2013)

Sidan 2007 har nynorsk har stått på timeplanen på femte trinn på Lovisenlund skole. Ein engasjert bibliotekar og positive lærarar har gjort det mogeleg.
Fyrste dagen etter vinterferien dette året er det nynorsk på planen, og elevane skal lese nynorske bøker på skulen og heime i 3 - 4 veker framover.
Det er alltid spennande korleis bøkene vert mottekne, og det var ein engasjert gjeng også dette året. Straks eg hadde vist og fortalt frå ulike bøker, fekk dei høve til å låne, og dei var svært ivrige.

 

Dei fann fort bøker dei hadde hug til å lese, og etter kort tid hadde dei aller fleste funne plassen sin og var godt igang med lesinga.


Det var moro å sjå kor flinke dei var til å konsentrere seg der dei sat i eit rom saman med mange andre.


Biletbøkene var svært populære, og mange valde dette.
Fleire av fagbøkene om dyr er godt illustrerte og dermed fengjande.
Nokre ville likevel starte med "tjukke" og spennande bøker som dei sa, og heldigvis har me mange slike bøker også å velje i.



Mållaget i Kristiansand har etterkvart fått eit godt utval av nynorske bøker, og styret har sett på det som ei viktig oppgåve å satse på dette.
Gode nynorske bøker som blir brukte både i skule og barnehage fremjer språkglede og gjer dermed det nynorske språket meir kjent og mindre spesielt.
Særleg har me sett at biletbøker gjev både små og store leseglede. Humor og gode illustrasjonar er det mykje av i mange av desse bøkene.

Nynorsksenteret har mange gode tips om bøker, og senteret er ansvarleg for sida

 

På Lovisenlund har dei arbeidd vidare med nynorsken, og laga utstilling på biblioteket:



Kva tyder dei ulike orda? Er dei nynorske orda mykje ulike dei som vert brukt på bokmål? 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS